Oppsummeringa etter den europeiske fartskontrollveka for Møre og Romsdal viser i hovudsak mykje fin køyring. Likevel vart det alt i alt skrive ut 58 forenkla førelegg før veka var omme, skriv politiet i ei pressemelding.

Sju i Vikebygda

-  Nesten 60 forenkla førelegg på 17 kontrollar over mange timar er å forvente, meiner Steven Blindheim som er trafikk-koordinator i Møre og Romsdal politidistrikt. 16 av dei forenkla førelegga kom under kontrollen til Utrykningspolitiet på Hjelset i Molde tysdag 17. april og sju i Vikebygda i Volda på laurdag 21. april. Høgaste fart vart målt på Leira på Tustna med 88 km/t i ei 70 sone og på Hjelset med 108 km/t i 80 sona der.  To av kontrollane vart utført av Utrykningspolitiet, dei andre av mannskapa våre rundt om i heile Møre og Romsdal politidistrikt.