I februar i år vart det gjennomført tilsyn i Ørsta rådhus og det vart avdekka to avvik. Den eine avviket gjeld manglande oppfølging av tiltaksplan. Gjennom mange år har det mangla brannvarsling i Ørsta rådhus. Det har blitt sett av pengar i forslag til budsjett, men dette har vore ein av postane som har blitt vekkprioritert når budsjetta har blitt vedteke.

– Det er utarbeidd ein tiltaksplan med tidsfristar, men denne har ikkje blitt følgt opp. Tiltak som er viktig for persontryggleiken må prioriterast, heiter det i tilsynet.

I januar i fjor vart det og påpeika at brannvarsling må på plass. Dersom ikkje brannvarsling er på plass innan 1. september i år vil brannvernet vurdere å nytte sanksjonsmiddel etter Brann- og eksplosjonsvernlova. Det betyr stenging av rådhuset.

– Det er det sanksjonsmiddelet som vi har, og vi har ikkje noko anna val for å seie det slik, seier brannsjef Thomas Winther Leira til Møre-Nytt.

Ei eventuell stenging vil vere mellombels. Om det blir aktuelt å stenge heile eller delar av rådhuset er noko brannvernet vil sjå nærare på om avviket ikkje vert lukka.

– Er det litt flaut å ha ein arbeidsplass som ikkje har brannvarsling?

– På ein måte, men samtidig så er det ikkje dei som administrerer bygget som sit på pengesekken. Eg har sjølv arbeidsplassen min her, og det vil verte veldig rart om vi må stenge rådhuset 1. september.

Har bestilt brannvarsling

Administrasjonen har planen klar for å få lukka avviket og unngå stenging.

– Sikring av liv og helse vil være ei prioritert oppgåve, med utbygginga av servicekontoret vil ein starte prosess med å lukke avvik som går på liv og helse, seier prosjektleiar Ivar Otto Kristiansen i Ørsta kommune.

Han kan opplyse om at det er bestilt trådlaust brannvarslingssystem på heile rådhuset.

– Dette vil etter tilsynsrapporten også verte å rapportere til Ørsta brann og redning innan den 16. mai i år. Rådhuset vil ha på plass naudsynt varslingssystem godt innanfor gjevne fristar. Sikkerheita for alle brukarar på alle formålsbygg er viktig, og vil være ei prioritert oppgåve i forvaltinga av bygga.

Brannsjef: Om avviket i Ørsta rådhus ikkje vert lukka kan brannsjef Thomas Winther Leira måtte delvis stenge sin eigen arbeidsplass. Arkivfoto Foto: Joachim Åsebø