Vedtaka vart gjort samrøystes etter forslaget frå rådmannen og sakshandsamar Jostein O. Mo som har lang erfaring med slike saker.

Nye vegar i området Pegarden i Hovdebygda, der det vert etablert nye bustader, heiter no Pevegen og Akslaplassen.

Sogelaget

Det er Hovdebygda soge- og velferdslag som etter oppmoding har foreslått dei vedtekne vegnamna. Og desse namna likte rådmannen. Vegnamna gir grunnlag for tildeling av adresse til dei som skal busette seg i området.

Sameleis er det i Nakkestranda der det no er sett namn på tre vegar: Strandavegen, Bakkeråsa og Gamlenakkevegen.

Lokalkjende grunneigarar og informantar har vore kontakta for å få fram namn som kan gi saka betre grunnlag knytt til det aktuelle området.

– Det har kome inn framlegg frå desse og tilrådinga følgjer opp desse framlegga, fortel Jostein O. Mo.