Volda Campus Sparebanken Arena vert namnet på den nye idrettshallen der det er planlagt to flater for handball samt ein mindre gymnastikksal.

– Vi har nyleg vore på besøk til Nadderud Arena der anlegget passar godt med kva for behov vi har i Volda. Vi har engasjert ein arkitekt som er godt i gang med utkast til korleis hallen vår skal sjå ut. Arbeidet med hallen går vidare, Volda kommune er med og skal nytte storhallen til skuleelevar på dagtid. Men vi håper framleis på eit ja i juni frå fylkeskommunen. At dei vert med for leie halltid til Volda vidaregåande skule. Hallen er kostnadsrekna til 105 millionar kroner. Og vert framdrifta som vi ynskjer kan vi starte bygginga primo januar. Byggetida er rundt eit år, seier Arild Bakke, styreleiar for Volda Campus. Bakke gler seg sjølvsagt over opprykket til Volda handball. Klubben vert største brukar av hallen etter skuletid, saman med KFUM Volda volleyball. Som også har eit 1. divisjonslag.