Folk vil oppleve eit heilt nytt trafikkmønster i Ørsta sentrum dersom forslaget til ny områdeplan vert vedteke.

I forslaget er det lagt opp til ei ny rundkøyring i Melsvegkrysset på Ose. Det vert den einaste nye rundkøyringa.

I krysset E39/Anders Hovden-gata er det høve til å køyre inn i gata frå E39. Men frå Anders Hovden-gata og ut på E39 vil det berre vert høve til å svinge til høgre. Dette grepet vert gjort for å ta omsyn til at dette hovudsakleg er eit skuleområde, og det vert rekna med at ein kan fjerne opptil sytti prosent av biltrafikken med dette grepet.

Webjørn Svendsen-gata vert stengt for inn- og utkøyring i krysset mot E39. Her skal det i det noverande krysset verte eit myldreområde, og dessutan nye busstoppar.

Ny veg ved Tindebygget

– Vi foreslår desse busstoppane her fordi det vil gje universell tilkomst både til Amfi-området og Vikegata. Frå dei nye busstoppane ved Webjørn Svendsen-garden vil det vere bratt, seier avdelingssjef Gunnar Wangen i planavdelinga.

For å erstatte tilkomsten til Amfi-området vert det foreslått å byggje ein ny veg inn mot Amfi ved Tindebygget frå E39. Dette utløyser også ei ny forretningstomt mellom denne vegen og Webjørn Svendsen-gata.

Det vert også foreslått endringar for Vikegata. Den austlege delen, frå E39 til Nekken, vert foreslått einvegskøyrd, og då i retning Nekken.

I Vikegata frå krysset mot E39 og til Sjøbrauta, vert det foreslått einvegskøyring. Dette er eit grep som vert gjort for å gjere det mogleg at Målar Olav igjen etablerer seg i Vikegata.