Eirik Vaage – festivalsjef og ansvarleg for  XWave (surfing):

Vi måtte kansellere alle luftsportane, men fekk bra utteljing med mange deltakarar på dei sportane vi arrangerte.

– Vi kunne godt tenkt oss å ha ein større Xfree-konkurranse. Berre to av tolv år har vi klart å løft nivået dit det burde ligge, altså opp på eit skikkeleg fjell: Saudehornet.

–Kva med Xtind – kjem det tilbake på programmet nokon gong?

– Randoneekonkurransen var noko av det X2-byrja med, og var fast frå 2006 til 2014. Men vi opplevde stadig færre påmeldte. Det er også ei særs krevjande grein å arrangere, med eit stort apparat. Vi har etterkvart fått så mange sportar.

– Surfekonkurransen vart utsett frå torsdag til fredag, så til laurdag. Då fekk vi gode bølgjer i Ervika, gunstige konkurransetilhøve og 25 deltakarar inkludert dei beste i Noreg.

Torbjørn Nordeide – XCreek (elvepadling):

– Det var herleg å få konkurransen heim til Ørsta. Aller helst skulle vi ha nytta Rossåa, men der var det for mykje vatn. Neste år håper eg publikum får informasjon om kva for elv vi vel tidlegare, slik at det blir enklare å kome å sjå på.

Sigbjørn Melvær XFree – (frikøyring på ski eller snøbrett):

– Fjellsida var meir enn god nok, snøen fungerte. Folk hadde det gøy og deltakarane var veldige fornøgde. Då veit vi at har gjort jobben vår.

I fjor vart konkurransen, som vanlegvis finn stad i Trollbotn, avlyst grunna skredfare. I år flytta Melvær og co Xfree til Koppefjellet.

– Det er umogeleg å seie kva vi bør gjere neste år, då vi i stor grad er prisgitt snøtilhøva.

Aldin Hodzic – XBoard  (longboard, første mann ned på rullebrett):

– Dette var første gang eg var sportsarrangør, eg var spent på om eg kom til å hugse å gjere klart alt, og om deltakarane kom til å bli fornøgde. Det var dei.

Neste år håpar eg at vi får til litt fleire turar. Og eg vil sette av ein halvtime meir til førebuing.

Magnus Mongstad – XSkate (skateboard):

– Det var god stemning og bra skating. Litt færre påmeldte enn i fjor, men nivået på skatinga var høgare enn nokon gong. Neste år hadde det vore kult å reklamere litt meir i forkant for å trekke fleire utøvarar.

Mats Hustad –  Xstyle (akrobatikk med ski eller snøbrett):

– Dette var braksuksess. Ifjor var det avlyst, i år var gjennomførte vi med høgt nivå på deltakarane. Vi fekk opphald i regnværet då vi trengte det. Kanskje vi skal bygge hoppet litt større neste år, men det er avhengig av snømengde.

Eira Granviken Midtgaard – Buldring:

– I fjor var det var mykje folk, dårleg ver i fjor og trongt i siloen. Eg har høyrt frå ein del at dei kvia seg frå å kome i år på grunn av det. Vi prøvde derfor å gjere meir ut av det med mellom anna partytelt utanfor – det vart veldig god stemning. Neste år vil eg få til både fleire kvinnelege deltakarar, berre ei kvinne deltok i år, og meir publikum.

– Kva med å sette opp eit kamera inn i siloen?

– Eg tenkte på det, med skjerm utanfor, det hadde vore himla stileg å fått til.

Aasmund Vaage – Sikkerheitsansvarleg:

– Vi har hatt eit godt arrangement, einaste skadetilfelle var tre sting på Xfree-konkurransen, grunna at ein utøvar slo seg på ein gjenstand han hadde i lomma. Publikumsmessig har det gått som forventa, med godt besøk på festivalområdet, og ingen alvorlege tilfelle der, utifrå kva som har blitt rapportert.

XBike-utøvarane (utforsykling) synte seg fram for dei som ville sjå, men hadde, i likskap med luftsportane, ikkje konkurransar i år.