(NPK):Frå 2016 til 2017 vart overskotet til selskapet før skatt redusert frå 335 til 195 millionar kroner, skriv Dagens Næringsliv.

– Den nye flypassasjeravgifta er ei viktig forklaring. Vi har ikkje klart å sende rekninga vidare til passasjerane, og fleire ruter i distrikta har dessverre vorte ulønnsame, seier administrerande direktør Stein Nilsen i Widerøe til avisa.

Flyselskapet kunngjorde i mars at dei over sommaren må kutte 44 flygingar i veka i Lofoten og Vesterålen, og dei tre rutene på Vestlandet som ikkje lenger er ein del av det statlege anbodsopplegget – Bergen–Florø, Oslo–Florø og Oslo–Ørsta/Volda – er heller ikkje lønnsame, fortel Widerøe-sjefen.

– Desse rutene vart tatt ut av anbodssystemet samtidig som flypassasjeravgifta vart innført, og i tillegg fall etterspørselen. Det har dessverre gitt høgare prisar og eit dårlegare tilbod, og vi må gjere tilpassingar for å få til lønnsemd igjen, seier Nilsen.

Forslag om endringar i flypassasjeravgifta

Widerøe har heilt sidan flypassasjeravgifta vart innført 1. juni 2016, kjempa for løysingar som kan dempe effektane i distrikta. Selskapet har lobba for ei differensiert avgift etter lengda på reisa, tilsvarande systemet som Sverige innførte i vår. På innanriksrutene i Noreg vil dette forslaget kunne gi ei flypassasjeravgift på 30–65 kroner per reise innanriks, mot ei flat avgift på 93 kroner i dag. Avgifta blir derimot høgare på lengre utanriksflygingar.

Dagens Næringsliv fortalde førre veke at Avinor i samarbeid med Samferdselsdepartementet no har greidd ut to alternative løysningar for flypassasjeravgifta, som begge vil vere gunstige for Widerøe: enten å gi alle fly under 20 tonn fritak frå avgifta eller fjerne avgifta heilt på alle innanriksruter.

Det var Stortinget som i samband med budsjettavtalen for 2018 bad regjeringa vurdere om flypassasjeravgifta kan leggjast om slik at miljøprofilen blir betre. Avgifta gav i fjor staten ei inntekt på 1,9 milliardar kroner.