Våren 2015 vart Rolf Magnus Sundgot tilsett som seksjonssjef for tekniske tenester i Ørsta. Då han vart intervjua av Møre-Nytt la han lista høgt.

– Vi skal saman mot nye høgder. Ørsta skal vere best i tekniske tenester av kommunane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Tre år seinare er han på veg ut av kommunen. Han har fått innvilga permisjon i eitt år frå august. Bak permisjonssøknaden ligg uro i seksjonen for tekniske tenester etter det Møre-Nytt kjenner til.

Nyleg mottok kommuneleiinga ei bekymringsmelding frå fleire einingsleiarar, knytt til arbeidsmiljøet. Dette vert stadfesta av rådmannen i Ørsta

– På bakgrunn av ei melding til hovudverneombodet har vi sett i gang ei arbeidsmiljøkartlegging. Vi har ikkje fått nokon endeleg rapport, så det ligg ikkje føre nokon konklusjonar, seier rådmann Wenche Solheim i Ørsta kommune.

- Overraskande

Ho meiner det ikkje ligg noko dramatikk i at Rolf Magnus Sundgot har søkt om permisjon.

– Søknaden om permisjon kom i påska og det var heilt overraskande for meg. Samstundes har han, uavhengig av arbeidsmiljøkartlegginga, snakka om at han har mykje anna spennande på gang og kunne tenkje seg å gjere noko anna. Men at permisjonssøknaden kom no er overraskande.

– Har du lagt press på han.

– Overhode ikkje. Tvert om.

– Beklagar du at han skal ut i permisjon?

– Eg tenkjer at det er eit val han har gjort på eige grunnlag, og eg må forholde meg til det. Det er meldt inn ei bekymring og vi har handleplikt ut frå det. Vi har sett i gang ei arbeidsmiljøkartlegging, men det er ikkje nokon dramatikk i den som ikkje er løysbart. Rolf kunne vere ein del av løysinga viss han ville. Når han no går ut i permisjon må vi jobbe vidare med arbeidsmiljøet utan han.

Omorganisering

Seksjonen for tekniske tenester vart omorganisert i fjor. Mellom anna vart planavdelinga lagt inn under etaten.

– Bekymringsmeldinga er ikkje direkte knytt til omrorganiseringa, seier rådmannen.

Rolf Magnus Sundgot seier at han ikkje ønskjer å skape konflikt, eller gjere det vanskeleg for kommunen. Men på direkte spørsmål frå Møre-Nytt stadfestar han at dette er meir enn ein vanleg permisjonssøknad.

– Det er sett i gang ei kartlegging av arbeidsmiljøet, og det vil kome ein rapport. Det er ein situasjon der det var behov for å få ro i rekkene snarast råd. Eg la to og to saman og då var konklusjonen at det kunne vere klokt å ta eitt års permisjon for å få ro i rekkene snarast råd.

– Så det er vanskeleg for deg å halde fram i kommunen?

– Nei, tvert om. Målsettinga mi var å få utretta noko så fort som råd i Ørsta kommune. Det har skjedd mykje og det er gjort mykje. Men det ser no ut til å vere behov for eit kvileskjer. Derfor ba eg om eitt års permisjon.

Samstundes er han open for å ombestemme seg.

– Det er viktig for meg å få fram at eg vil gjere det som er best for Ørsta kommune, og slik eg ser det no er det best for Ørsta kommune at eg søkjer permisjon. Den har eg fått innvilga og det er eg glad for. Så lenge den permisjonen ikkje har trådt i kraft kan eg vurdere på nytt. Er det slik at eg har tatt feil, og at det beste for utviklinga i Ørsta er at eg held fram i jobben, så må eg revurdere mi avgjerd.

Rolf Magnus Sundgot seier at det har vore tre spennande år i kommunen.

– Eg meiner at Ørsta kommune har mange mulegheiter framover, og stort potensiale for utvikling. Det har skjedd mykje, og det vil skje meir vidare. Eg vil nytte sjansen til å takke for fint samarbeid med alle i Ørsta. Det har vore tre flotte og engasjerande år, og det har vore både kjekt og utfordrande å jobbe her.

Rådmann: Rådmann Wenche Solheim stadfestar at det har kome ei bekymringsmelding om arbeidsmiljøet i seksjon for tekniske tenester. Arkivfoto