Samfunnsutvalet gav i juni 2017 dispensasjon frå reguleringsplanen for Barstadsætra hytteområde for endra lokalisering av ei gangbru over Storelva. Eit vilkår var at mellombels tilkomstveg skulle fjernast raskast råd. På ei synfaring i juli i fjor kom det fram at brua allreie var plassert og at tilkomstvegen ikkje var fjerna. I april i år tok kommunen kontakt med med eleveeigarlaget, og har fått opplyst at K A Aurstad har bygd landkara og plassert brua i samband med elveførebygging som allereie pågjekk i området.

Kommunen ber no om svar frå entreprenøren om den mellombelse vegen er fjerna. Kommunen opplyser at det vert opna tilsyn i saka, og at målet er å klarlegge dei faktiske tilhøva i saka.

– Dersom de har utført arbeidet ber eg om at de gjer kort greie for korleis de har vurdert tilhøvet til søknadsplikt. Når vi har fått svar frå dykk vil vi vurdere om, eventuelt i kva grad og på kva måte, tilsynet skal førast vidare, skriv Kåre Hjelle til verksemda.