Det er medlemene i byggvare- og huskjeda Byggfag som har røysta fram Bygg 1 Produkter AS som årets leverandør for 2017.

Prisen vart overrekt laurdag 7. april under Byggfag si årlege samling, som denne gongen vart arrangert i Trondheim. Dette er andre gong at Bygg 1 har vunne denne kåringa i Byggfag. Førre gong var i 2013.

– Vi i Bygg 1 set stor pris på utmerkinga. Det er utruleg kjekt at ei relativt lita bedrift kan hevde seg i konkurranse med kjende og store merkevarer. Byggevarebransjen er i stadig endring, og vi må fortløpande utvikle og oppdatere produktspekteret for å stå fram som attraktive på marknaden, seier marknadssjef Kristian Ose Silseth.

Han seier vidare at god logistikk og god sørvis er heilt avgjerande for å lykkast.

– Slik heider er inspirerande for alle som jobbar i bedrifta, og vi kjem til å jobbe vidare med å utvikle god sørvis i alle ledd, seier han.

Då Møre-Nytt besøkte Bygg 1 Produkter på Rystelandet hausten 2017, estimerte dei eit sal for året på 80.000 dører. Selskapet vart etablert i 2001, og har halde det gåande sidan, med stadige utbyggingar av lagerkapasiteten.

Alle åra dei har eksistert, har pilene peika oppover. I dag har dei ein marknadsdel på mellom åtte og ni prosent. Dei er blant dei tre største dør-leverandørane i landet. Dei har eit hårete mål om å kunne klare å ta 20 prosent av marknaden. Det vil seie ei omsetning på 300 millionar kroner.

Fjorårstala viser at salet auka i 2017 med driftsinntekter på 122.493.000 kroner, mot 114.466.000 kroner i 2016.