Laurdag vert forslaget til ny områdeplan for Ørsta sentrum lagt ut til høyring. Det er ein av dei mest detaljrike reguleringsplanane som nokon gong er lagt ut i Ørsta kommune. Han skal danne grunnlaget for framtidas Ørsta sentrum.

– Denne planen er viktig, ikkje berre for Ørsta sentrum, men for heile kommunen. Det er no også viktig at kommunestyret følgjer opp med konkrete løyvingar, slik at planen kan verte gjennomført. Det vil også vere eit viktig signal overfor private som vil byggje ut, og ikkje minst overfor fylkeskommunen som ein sentral utviklingsaktør. Vi har vore i tett samarbeid med tettstadskoordinatoren i fylkeskommunen om arbeidet med denne planen, seier avdelingsleiar Gunnar Wangen i planavdelinga i Ørsta kommune.

Høyring i åtte veker

Den nye områdeplanen, som formannskapet sist veke vedtok å leggje ut på høyring, byggjer på det omfattande overordna planarbeidet som er gjort i kommunen dei siste åra. Fyrst med revidering av kommuneplanen, der etter med kommunedelplanen for Ørsta sentrum og Hovdebygda, og ikkje minst arkitektkonkurransen Europan. Denne vart vunne av det danske selskapet Felt, og desse har også vore med i plan arbeidet.

– Etter forvarslinga hausten 2016, har vi arbeidd på ein annan måte enn med tidlegare planar. Vi har arbeidd med medverknad på ein annan måte. Vi har hatt ei referansegruppe, men vi har også vore i direkte kontakt med aktørar og grunneigarar med mest kvar einaste detalj i planen. Dette gjeld også fylkeskommunen og Statens vegvesen. Slik håper vi at vi skal unngå motsegner, og ikkje altfor mange merknader, seier Wangen.

Nye grep

Likevel innser han at delar av planen kan vere konfliktfylt. For det verte teke grep som vil vere nye for Ørsta sentrum.

Dei viktige grepa er fortetting. Det som kan liggje i sentrum, det skal liggje i sentrum. Det skal vere eit sentrum for folk, prega av urbanitet. Det skal vere "tøffelavstandar", altså at folk skal nå tenestene dei ynskjer over korte avstandar. Parkeringsplassane skal ikkje dominere. Bilane skal "gøymast" vekk. Gateutforminga skal vere med tanke på mjuke trafikantar.

I planen vert det lagt opp til at E39 skal få gateutforming. Det vil seie at gata vert snevra inn, og der kjem gangfelt som er opphøgde. Det vert foreslått ei fartsgrense på 40 km/t, men dette er ei avgjerd som ikkje ligg til reguleringsvedtaket, men til Statens vegvesen etter veglova. Det vil også kome signal om at det vert 30 km/t i sentrumskjernen.

Omstridd parkering

Pakeringsløysingane kan verte omstridde. Det vert lagt opp til som eit prinsipp at parkering skal kome under bakken, i parkeringskjellarar, eller i parkeringshus. Og ledige område i utkanten av sentrum skal vere for parkering. Til dømes gjeld dette eit område ved bedehuset, der det vert lagt opp til fjernparkering.

– Det vil seie for folk som arbeider i Ørsta sentrum, eller for folk som skal langtidsparkere. Gangavstanden til sentrum er uansett kort, seier Wangen.

173 parkeringsplassar

Eit konkret forslag på dette er utbyggingsplanane som Amfi Ørsta arbeider med. I eit av nybygga der er det åleine foreslått 173 parkeringsplassar.

– Det kan også verte oppfatta som kontroversielt at vi «forskjellsbehandlar» dei med tilknyting til Vikegata for fritak for parkeringskrav. Dette er eit grep vi gjer for å stimulere til aktivitet og etablering i Vikegata, seier Wangen.

Detaljane i reguleringsplanen kan folk finne med å gå inn på Ørsta kommune sine heimesider.

Utbygging: Den nye sentrumsplanen legg til rette for store utbyggingar i sentrumskjernen - i fem etasjar. Foto: Svein Aam