- Alle her er glade for at Helfo i Ørsta blir med vidare, men samstundes er det ein dag med blanda kjensler i Helfo, sidan det er kontor som vert lagt ned andre stader i landet, seier avdelingsdirektør Tove Krøvel i Helfo i Ørsta.

Allmøte

Dei tilsette vart orienterte omk avgjerda på eit allmøte torsdag føremiddag.

Regjeringa har avgjort at Helfo sin framtidige kontorstruktur skal vere kontora Mo i Rana, Ørsta, Sola, Fredrikstad og Tønsberg, og at kontoret i Kirkenes skal vidareførast.

Reduserer med 100 årsverk

– Helfo har sett at etaten ikkje greier å investere i ny teknologi og ny kompetanse med dagens kontorløysing og IKT-system. Med målretta IKT-investeringar og endra kontorstruktur kan Helfo over fem år redusere talet på årsverk med om lag 100, frå dagens 550 til cirka 450, heiter det i ei pressemelding frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Legg ned i Oslo

Regjeringa har lagt vekt på same kriterium for vurdering av framtidige lokasjonar som Helfo har nytta i sin egen utgreiing.

Helfo sine kontorstader i Oslo (65), Bergen (10), Kristiansand (11), Voss (14), Eidsvoll (13), Kongsberg (7), Risør (3), Harstad (4), Gloppen (4), Vågå (3), Verdal (3), Nærøy (2) og Lenvik (1), Beiarn (5), Orkdal (11) og Brumunddal (10) skal leggjast ned. (Tala viser talet på tilsette per 1. april.)

Tilsette skal takast vare på

Regjeringa har elles bestemt at kontora i Brumunddal og Orkdal vert vidareførte i ein omstillingsperiode på inntil 4 år, medan kontoret i Vågå vert vidareført i inntil 2 år.

Tilsette som blir råka av omorganiseringen skal takast vare på innanfor gjeldande lov- og avtaleverk og i samsvar med Kommunal- og moderniseringsdepartementets retningslinjer for personalpolitikk ved omstillingsprosessar, heiter det i pressemeldinga.

Utflytting av statlege arbeidsplassar

– Helfo sin nye kontorstruktur medfører ei utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo, noko denne regjeringa prioriterer høgt, heiter det.

Auka bruk av sjølvbetening og automatisering og færre enkle, manuelle prosessar reduserer behovet for tilsette. Samstundes vil dei komplekse oppgåvene som står att, krevje helsefagleg, juridisk og økonomisk kompetanse. I tillegg vil investering i IKT auke behovet for kompetanse på utvikling og drift av digitale løysingar.