Tidlegare har det vore to trafostasjonar som har forsynt Ørsta sentrum med straum. I tillegg til Ryste Transformatorstasjon, har også Ørsta Transformatorstasjon på Ripateigane vore i drift. Men før jul vart denne fasa ut, og onsdag denne veka starta rivinga av bygget.

– Dette var ein gammal trafostasjon frå 1950-talet. Tida var overmoden for å ta grep. Vi valde å satse alt på Ryste, mellom anna fordi vi då får flytta alt vekk frå sentrum, og får frigjort ei tomt der til kommunen. I tillegg er eit argument at Ryste ligg nærare Volda. Når Voldatunnelen er ein realitet, kan vi tilby reserveforsyning til Volda. har prosjektleiar Egil Åmbakk i Mørenett tidlegare uttalt til Møre-Nytt.