– Etterspurnaden etter lokalmat er stor, og dette er noko som Extra-kjeda satsar veldig på. Vi skal ha stort utval til låge prisar, og den omleggingane vi har gjort i butikken no gjev kundane betre utval. No har rundt femti leverandørar i denne seksjonen, seier Myklebust.

Extra-butikken i Furene hadde reopning torsdag, og vil også markere dette fredag og laurdag. I tillegg til at seksjonen med lokalmat har blitt utvida og bygd om kan butikken no freiste kundane med butikksteikte bakevarer.

– Vi har fått ein endå større lokalmatavdeling og større utval til barnefamiliane, i tillegg til at vi satsar på butikkstekte bakevarer. Vi har dessutan utvida utvalet vårt av «mat utan» og vi har som mål å vere ledande på utval av «mat utan» i regionen når det kjem til daglegvare.

Ei ny avdeling for bakevarer er og på plass i butikken. Foto: Joachim Åsebø

Markedssjef i Coop Vest, Ronny Sørbotten, har gleda seg til reopninga.

– Lågprisbutikken Extra Volda opna for første gong dørene i 2011, og er ein veldriven butikk med omsetning på over 80 millionar kroner i 2017. Vi er veldig fornøgde med den nye butikken, og har god tru på vinnaroppskrifta til Extra der vi kombinerer låge prisar med eit stort utval, seier Sørbotten i ei pressemelding.

Extra Volda har ca. 20 tilsette, og eit salsareal på 1 600 kvadratmeter. Forventa omsetning i 2018 er 85 millionar kroner.