Det seier avdelingsdirektør Tove Krøvel hos Helfo i Ørsta. Torsdag kom avgjerda om at Ørsta-kontoret er eit av fem Helfo-kontor det skal satsast vidare på.

– Når vi har blanda kjensler, er det fordi mange av kollegaene våre ikkje er like heldige som oss. Og vi kjenner dei, seier Krøvel.

Dei tilsette vart orienterte om avgjerda på eit allmøte torsdag føremiddag. Då var det regjeringa som gjorde vedtak i saka om strukturendringa hos Helfo, etter at styret i Helfo kom med si tilråding i november i fjor.

Regjeringa har avgjort at Helfo sin framtidige kontorstruktur skal vere kontora Mo i Rana, Ørsta, Sola, Fredrikstad og Tønsberg, og at kontoret i Kirkenes skal vidareførast.

Reduserer med 100 årsverk

– Helfo har sett at etaten ikkje greier å investere i ny teknologi og ny kompetanse med dagens kontorløysing og IKT-system. Med målretta IKT-investeringar og endra kontorstruktur kan Helfo over fem år redusere talet på årsverk med om lag 100, frå dagens 550 til cirka 450, heiter det i ei pressemelding frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Helfo i Ørsta har sitt utspring av at kontoret fekk tildelt ansvar og drift som «oppgjerskontor» for helsepersonell i slutten av 1999. Frå 1. september 2004 vart oppgjerskontora i landet samla i regionar. Ørsta fekk då tildelt regionkontoret for region Midt-Norge.

– På det meste var Ørsta-kontoret oppe i nærare 50 årsverk. 1. januar 2014 tok regionmodellen slutt, og vi fekk ein såkalla funksjonsdelt organisasjon. Her fekk Ørsta nasjonale oppgåver med rettleiing for både private brukarar og helseaktørar. I tillegg vart det oppretta ein eigen seksjon for førebyggande og oppsøkande arbeid mot helseaktørar etter ein målretta handlingsplan. Namnet på avdelinga vart då «Helfo veiledning», fortel Krøvel.

Per i dag er det 41 årsverk ved kontoret i Ørsta.

– Det går føre seg eit arbeid i Helfo som gjeld fordeling av arbeidsoppgåve på dei kontora som skal bestå framover. Vi er svært spente på avgjerda frå dette arbeidet. Når avgjerda er klar, kanskje før sommaren ein gong, vil vi også kunne vite meir om kva vi kan forvente oss av talet på arbeidsplassar litt fram i tid, fortel Krøvel.

Og ho legg til:

– Det einaste vi no er sikre på er at vi vil vere i kontinuerleg omstilling som følge av investering av ny teknologi og IKT system.

– Var spente

Det var for om lag to år sidan arbeidet med ein ny struktur starta. Krøvel fortel at Ørsta-kontoret eigentleg ikkje kjende seg truga.

– Men dei siste to vekene før tilrådinga frå styret i Helfo skulle kome i fjor haust, då var vi nok litt spente, seier Krøvel.

Ho rosar medarbeidarane som har vore med på heile reisa frå 1999.

– Dei har vist engasjement og vilje til at dette skal vi få til, og denne reisa vil vi framleis vere med på. Arbeidsplassen vår er viktig for regionen, og det er gode moglegheiter for utvikling og rekruttering av kompetanse. Vi ser og synergiar i samarbeid med både offentlege og private verksemder som også kan medverke til at vi kan bli verande over tid, seier Krøvel.

Dette er kontora som skal fasast ut:

Helfo sine kontorstader i Oslo (65), Bergen (10), Kristiansand (11), Voss (14), Eidsvoll (13), Kongsberg (7), Risør (3), Harstad (4), Gloppen (4), Vågå (3), Verdal (3), Nærøy (2) og Lenvik (1), Beiarn (5), Orkdal (11) og Brumunddal (10). (Tala viser talet på tilsette per 1. april.)