Det seier tidlegare Ap-leiar i Ørsta, Petter Bjørdal.

Han helsar velkome utspelet frå Hans-Olav Myklebust i Ørsta Frp og ordførar Knut Erik Engh i Ulstein Frp om å greie ut ei samanslåing av dei to kommunane.

– Då vil vi få ein kommune på 20.000 innbyggjarar, og det er den storleiken som vert sett på som rasjonell i arbeidet med kommunereforma, seier Bjørdal.

Han karakteriserer utspelet frå Framstegspartiet som statsmannskunst.

– For det er slik at dei som handlar fyrst, dei får bestemme. Dei som kjem sist, må sitje med smulane. Slik vert det også når kommunane på Søre Sunnmøre må nyorientere seg, seier Bjørdal.

Han peikar på det som no skjer særleg kring Ålesund og Molde.

– Vi får stor-Ålesund og stor-Molde. Det vert to veldige maktsentrum i Møre og Romsdal, og desse to nye store kommunane vil sitje med stor definisjonsmynde og stor avgjerdsmakt, seier Bjørdal.

Han registrerer at fleire lanserer alternativet med storsamarbeid. Eit døme er eit tettare integrert Søre Sunnmøre, men der kommunane framleis er i sine noverande einingar.

– Det vil gje rasjonell drift på fleire område, men det gjev ikkje ei krone meir i overføringar, seier Bjørdal.

Han minner om at dei statlege overføringane er viktige for tenestetilbodet.

– Det folk må ta innover seg er at Ørsta kommune vil misse ti millionar kroner årleg i driftsinntekter dersom regjeringa vedteke grensejusteringa med Bjørke. Det eg då saknar frå dei kreftene i Ørsta som strittar i mot ei kommunesamanslåing er kvar desse pengane skal hentast frå. Det vil til dømes seie at dersom vi skal ta det med eigedomsskatten, må han auke frå 5.000 kroner til 7.500 kroner for dei som betalar den summen no, seier Bjørdal.

Han meiner det er påkrevjande for Ørsta at kommunen sikra seg ein alliansepartnar for å finne ein ny kommunemodell.

– Då er det rett at Ulstein kommune passar saman med oss, og eg trur ikkje vi vil få den rivaliseringa mellom Ulsteinvik og Ørsta sentrum som hadde vore tilfelle med Volda, seier Bjørdal.

– Men kvifor ikkje ei samanslåing med Volda? – Fordi vi skal respektere at vi har ei folkerøysting som ligg til grunn, med eit stort fleirtal i mot samanslåing både i Ørsta og Volda. Den ballen er lagt død, seier Bjørdal.

Han meiner at Ørsta kommunestyre ikkje har noko anna val enn å ta opp utspelet frå Framstegspartiet på ein skikkeleg måte, og setje i gang med eit utgreiingsarbeid. Der siktemålet er ei samanslåing.

Høgre

I San Francisco sit Høgre-leiar Per Are Sørheim, og har fått med seg utspelet frå Framstegspartiet. Han karakteriserer utspelet som spenstig, men er ikkje samd.

– Då eg og Høgre bad om at saka om kommunesamanslåing måtte takast opp på nytt, galdt det Volda. Det var fordi vi meiner føresetnadene er heilt endra etter folkerøystinga, då det ser ut til at Ørsta vil misse ein femdel av arealet. Det er ein heilt ny situasjon. Vi ser før oss ei samanslåing med Volda, seier Sørheim.