(Sunnmørsposten): Onsdag er det styremøte i Helse Møre og Romsdal, og i forkant av møtet får styret omvising på Volda sjukehus, Volda DPS og Mork rehabiliteringssenter.

Under omvisinga på Volda DPS tok leiar Ingrid Løset i brukarutvalet til orde for at samarbeidet mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta på søre Sunnmøre fungerer godt.

– Andre har mykje å lære av dette samarbeidet, seier Løset til Sunnmørsposten.

Under omvisinga på Volda distriktspsykiatriske senter (Volda DPS) orienterte Grete Ryste Flåskjer om korleis dei er organisert og jobbar.

Flåskjer er seksjonsleiar for døgnseksjon Volda DPS, og ho fortalde mellom anna om ordninga med ambulante (omreisande) team som jobbar i psykiatrien.

Dei ambulante teama er plassert i Søre Sunnmøre sitt geografiske midtpunkt, og gir hjelp til pasienter heime i dei sju kommunane på søre Sunnmøre.

– Eg har inntrykk av at det blir gjort ein veldig god jobb med dette, og at pasientane blir hjelpt på ein annan måte enn om dei måtte reise inn til døgnseksjon for behandling, seier Løset i brukarutvalet.

Ho skryt også av samarbeidet mellom dei kommunale helsetenestene på Søre Sunnmøre og spesialisthelsetenesta som Helse Møre og Romsdal er ansvarleg for.

– Her blir det gjort mykje godt arbeid til etterfølging, seier Løset til Sunnmørsposten.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.