Norsk Enøk & Energi AS er konkurs

Volda kommune må ta over arbeidet

Volda rådhus.  Foto: Janne-Marit

Nyheiter

Volda kommune tek over resterande arbeid på energisparingsprosjekt

Som ei følgje av at Norsk Enøk & Energi AS slår seg sjølv konkurs, vil Volda kommune fullføre prosjektet med eigne ressursar.


– Usikkert kva som skjer vidare

Norsk Enøk og Energi AS (NEE) har ifølgje Volda kommune likviditetsproblem. Det kan føre til at kommunen må ferdigstille EPC-prosjektet på eiga hand.

 

Ved å sjå på tiltak for å redusere energiforbruket på kommunale bygg, har Norsk Enøk & Energi AS (NEE) og Volda kommune jobba med eit «Energy Performance Contracting»-prosjekt.

I 2017 gjekk Volda kommune og NEE inn ein avtale om å gjennomføre 220 energisparetiltak på kommunale bygg.


Onsdag vart det klart at styret i Norsk Enøk & Energi AS (NEE) har bestemt å slå selskapet konkurs.

Dette betyr at Volda kommune må tenkje alternativt for å fullføre prosjektet, men kommunen har eit sterkt ønskje om å fullføre attståande arbeid sjølve.

Ifølgje eigedomssjef Kjell Magne Rindal er prosjektet stort sett ferdig i Volda, og sjølv om dette vil krevje ein ekstra innsats blant dei tilsette er Volda kommune innstilte på å få prosjektet i hamn.

- Vi har stor tru på at prosjektet skal gi forventa resultat for kommunen, sjølv om kommunen må følgje opp prosjektet på alternativ måte då entreprenør (NEE) ikkje lenger er med, seier Rindal om situasjonen.

Korleis organiseringa av dette prosjektet vil verte framover vil ein kome attende til, gjennom ryddig og god kommunikasjon med dei rørte partane.

Volda kommune må ta til etterretning at NEE kom til den konklusjonen å slå seg konkurs, og synest dette er beklageleg da ein helst hadde sett at dei kunne halde fram som selskap og følgje opp sine prosjekt. Dette gjeld både overfor tilsette og underentreprenørar som vert berørt av dette.