Straumlaus vedproduksjon på Raudøya

Elevane ved Ørsta ungdomsskule avdeling Liadal skogar og lagar ved for brukarane av Raudøya. Ørsta Lions sponsar kløyvingsmaskin for å lette arbeidet.

Utdeling: Elevar og lærarar møtte opp ved A-K maskiner på Rystelandet fredag og fekk overrekt den nye vedkløyvaren.  Foto: Joachim Åsebø

Denne maskina vil lette arbeidet vårt

Nyheiter

– Vi er evig takksame for all støtte som vi får, seier lærar Frank Velle etter at dei fekk overrekt kløyvingsmaskina fredag føremiddag.

Ørsta ungdomsskule avdeling Liadal er flittige brukarar av Raudøya, og nyttar øya i skulekvardagen. På Raudøyholmen har all skog blitt kappa ned.

Raudøya: Arbeidet med vedkløyving vil no lette seg med den nye maskina. Foto: Privat  Foto: Frank Velle

 

– Vi har vore der og henta ein del av det dei har teke ned og frakta det bort til oss. No held vi på å lage til ved slik at folk som kjem til Raudøya berre går i land, inn i naustet og hentar seg ved som kan nyttast på bålplassane som er etablert. Då slepp vi at andre byrjar å ta seg til rette og plukke av material som vi har liggande på Raudøya.

Sidan det ikkje lenger er elektrisitet på Raudøya er det ei bensindriven kløyvemaskin som Ørsta Lions har gitt i gåve. Det er ikkje første gang at Ørsta Lions har valt å støtte arbeidet som ungdomsskule elevane gjer på Raudøya. Tidlegare har både kanoar og diverse utstyr blitt gitt.

– Dette er eit veldig godt tiltak og i Lions-ånd. Vi skal bidrag lokalt og gje tilbake, seier president Robert Lorvik i Ørsta Lions.

Velle har von om at det igjen kan kome straum til Raudøya. Trevirket har til no blitt kappa opp med motorsag og kløyvd med øks.

– Å få denne maskina og få bruke i skogen vil lette arbeidet vårt. Samtidig vil dette føre til meir støy. Idyllen blir litt broten og det er ikkje bra at vi blir avhengige av aggregat.

Lions skal i gang med sitt årvisse tulipansal siste helga i april.

– 27.- og 28. april har vi tulipanaksjon. Pengane som kjem inn her går tilbake lokalt. Vi oppmodar ørstingane om å kjøpe tulipanar, seier Bernt Brekk i Ørsta Lions.