Nye statsborgarar i Ørsta og Volda

Nyheiter

Laurdag vart det halde statsborgarseremoni i Ulsteinvik for alle dei 17 kommunane på Sunnmøre.

I fjor arrangerte Fylkesmannen i Møre og Romsdal for første gong to statsborgarseremoniar, i staden for ein i heile fylket. Dette var ein stor suksess, og førte til at enda fleire melde seg på.

I Ulsteinvik møtte det laurdag 125 nye statsborgarar som hadde takka ja til å delta på seremonien.

- Det var ekstra kjekt at desse kom frå alle dei 17 kommunane på Sunnmøre. Det var rekordstor deltaking, og med statsborgarane og deira gjester, sprengte vi kapasiteten til hotellet, som likevel leverte, seier kommunikasjonsrådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Elin Røshol, i ei pressemelding.

- Gjestetalar Lidia Kozginova heldt ein varm og flott tale til dei nye statsborgarane. Ho fortalte også litt om korleis det var for ho og familien å kome til Noreg for litt over 18 år sidan. Dei flytta frå St.Petersburg, ein by med ca 5 millionar innbyggarar - til Vigra, ei øy der ho kunne gå med barnevogn i timesvis utan å treffe eit enaste menneske, det var ein stor overgang.

Ho kom med gode råd for korleis folk sjølv kan ta tak for å bli ein del av lokalsamfunnet og få venner og kjente.

- Dersom du sjølv er aktiv og tar initiativ for å bli kjent med folk, deltar i frivillige organisasjonar, klubbar, ikkje seier nei til dugnader, viser engasjement og interesse, positivitet til dei som er rundt deg, har du betre sjanse til å skape eit nytt nettverk med venner og bekjente.

Lidia Kozginova avslutta med å sei:

"Det jeg kanskje setter aller mest pris på i Norge er at her er det vanlig å stole på hverandre. Den tilliten er en verdi som jeg håper vi får beholde også i framtida. Jeg håper virkelig at dere vil trives her i Norge og at drømmene deres blir oppfylt. Lykke til!"

Så leste statsborgarane opp Troskapsløftet saman med fylkesmann Lodve Solholm. Før det vart utdeling av gåvebok og ei rose til dei nye statsborgarane.

Seremonien vart avslutta med at alle reiste seg og sang Nasjonalsongen.