Her kjem båten seg unna fonna

Berre minutt tidlegare gjekk båten forbi fonnløpet.

Video av Aleksander Midtgård

Nyheiter

Her kjem båten seg så vidt unna raset. Dette var i Hjørundfjorden søndag, der fleire ras gjekk frå toppane og ned i fjorden.

Aleksander Midtgård og eit følgje var på fjorden, og fekk festa det dramatiske på film.

– Filmen lyg litt, for avstanden mellom båten og raset var nok større enn det kan sjå ut som. Vi var i kontakt med dei i båten etterpå, fortel Midtgård til Møre-Nytt.

Likevel, berre nokre minutt tidlegare hadde båten vore på andre sida av fonna, og gjekk forbi der snømassene kom ned og ut i fjorden.

Av vidoen kjem det tydeleg fram at det vart gjeve full gass då raset vart oppdaga.