Skigåar melde frå:

Snøras frå Saudehornet

Bilde frå snøraset som gjekk frå Saudehornet førre veke. Då vart ein person tatt av skredet, men kom seg ut. No har det gått eit nytt skred. Også denne gongen gjekk det bra.   Foto: Ørsta Røde kors, hjelpekorps

Nyheiter

Ein skigåar melde søndag ettermiddag frå om eit snøras frå Saudehornet.

- Meldar er på toppen og er sikker på at det ikkje er nokon personar i eller ved raset, skriv politiet på Twitter.

- Ta skituren om morgonen

- Start skituren tidleg på dag. Om ettermiddagen vert det utrygt, seier leiar Ronny Færøy i Volda og Ørsta skredgruppe.





- Ta skituren om morgonen

- Start skituren tidleg på dag. Om ettermiddagen vert det utrygt, seier leiar Ronny Færøy i Volda og Ørsta skredgruppe.


Breidda på raset er estimert å til å vere om lag 150 meter, og går eit stykke nedover fjellsida.

- Det vert inga utrykning. Ver varsam alle turgåarar, oppmodar politiet.

Stor snøskredfare

Varsom.no melder om betydeleg snøskredfare på Sunnmøre i helga, faregrad 3.

"Mildvær fører til økende skredfare utover dagen. Gamle svake lag vekkes til live og øker faren for naturlig utløste skred når dagen er på det varmeste. Noen middels store eller store naturlig utløste skred kan forekomme.  I skyggesider til fjells, vil økende temperatur føre til en svekkelse av snødekket og gjøre det mulig for en enkelt skiløper å utløse skred på kantkornlaget."