Laga 257.000 måltid

Dei tilsette på dei tre institusjonskjøkkena i Ørsta skal ikkje skuldast for ikkje å stå på.

Kjøkkengjengen: F.v. Arne Kåre Engeseth, Mariann Vedvik, Jorunn Mork, Elfrid Brekke, Hanne-Lise Hagen, Gunnar Gausdal og Lijing Wen er mellom dei som sikrar god mat til mange eldre i Ørsta.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Leiaren for felleskjøkkenet i kommunen, Arne Kåre Engeseth, fortalde levekårsutvalet at dei tre kjøkkena i fjor produserte 26.000 porsjonar varm mat. Og at det totalt vart laga 257.000 måltid samla på kjøkkena på Hjørundfjordheimen, Vartdal Helsetun og Ørstaheimen.

Og ikkje berre lagar dei mat, dei lagar heimelaga mat som pasientane skal kjenne att.

– Vi vil at måltida skal vere høgdepunkt i dagen, og at maten skal vere så attkjennande som mogleg, forsikra Engeseth.

Han sa at dei har vore utruleg heldige med kjøkkendrifta i Ørsta.

– Det er ei velsigning å få produsere mat ein kan vere stolt av. Det har gitt oss fridom til å tenke kvalitet i tenestene, sa Engeseh.

Også kjøkkenet på Ørstaheimen har utfordringar. Det handlar om lokalitetane.

– Vi slit med lokalitetane, men har det bra på Vartdal Helsetun og på Hjørundfjordheimen. Men på Ørstaheimen klarer vi ikkje å lukke alle avvik i høve hygiene og produksjonstryggleik. Og dette slit vi med. Vi har fått dispensasjon frå avvika, fortalde Arne Kåre engeseth.