Første sommardag i dag

"Varm sumardag gir varm sumar"

No strekker vi oss etter sola, alle saman!!  Foto: Heidi @heidi_m_r

Nyheiter

Frå den tida det var vanleg å bruke primstav som kaldender, vart 14. april rekna som første sommardag, eller første dag i sommarhalvåret.


Vinter i april

Snart seks månader med vinter

Vinteren byrja i oktober. No er det april. Når kjem våren?

 

Rjåneset. På leiting etter vårteikn.   Foto: Inger Synnøve Aamaas @fr_hagefryd

Vêrobservatør Endre Standal på Hjøurndfjordstranda, har summert opp dei siste dagane på si Facebookside laurdag:

"Det vart året 2018 varmaste dag i går, for andre dag på rad, fæ me ein dag nr 3, då må temperaturen over 15 i so fall. I går kom mine to målarar opp til 15-talet, med 14,9 og 14,7. Me fæ berre håpe at meteorologen og verdagboka sin spådom for sumaren, at varm sumardag (i dag) gjev varm sumar. Ha ein strålande fin fyrste sumardag!"


Sæbø: No er det vår, ut med traktor og reiskap og gjere klart til våronna.   Foto: Inger Margrethe Mo @gotefrua1

 

Eller som det heiter på gradestokken frå Ørsta - No er det mjølkeflødde, på grensa til fjelgt. Lommert, då nærmar vi oss 20 grader. Det får bli seinare i år. Det er 261 dager igjen av året å gjere det på.

Yr.no varslar i alle fall sol fleire dagar framover i Ørsta, med opp mot 18 grader torsdag. Og fredag kjem regnet.