Bom fast i krysset

Bom fast. To U-svingar vart i alle fall ein for mykje for den nederlandske sjåføren, og han stod bom fast i krysset der du svingar av frå E39 mot Berkneset.  Foto: Jørn Harald Persson

Nyheiter

Ein nederlandsk sjåfør køyrde seg fast i krysset frå E39 der vegen svingar av mot Berkneset. Hendinga skjedde laurdag.

Jørn Harald Persson observerte det heile, og snakka også med den nederlandske sjåføren.

- Han hadde vore på verkstad med motoren på trekkvogna, og skulle køyre ut på vegen att. Men så køyrde han feil. Det heile enda opp med to u-svingar, og i den andre u-svingen gjekk det altså gale. Krysset er nytt, og fyllmassen utanfor vegen er difor veldig mjuk. Det var han nok ikkje klar over, dessverre, seier Persson.

Ingen kom til skade, men den uheldige sjåføren måtte vente på hjelp før han kunne ta turen vidare til endemålet Levanger med møbelleveransen sin.