– Det var ikkje dette eg hadde sett føre meg då eg gjorde comeback, seier Jonas Rundereim dagen etter sesongstarten i 5. divisjon i fotball.

Hovdebygdaren prøver å sjå humoristisk på det heile, men i kampen mellom Sæbø og Skodje torsdag vart det brot i begge handledda for forsvarsspelaren.

– Eg gjekk inn i ei takling i stor fart. Då eg tok for i fallet landa eg opp på begge henda med heile kroppsvekta. Eg prøvde å røyse meg fordi eg hadde lyst til å halde fram, men då såg eg at begge handledda var rameskeive og hovna opp. Då var det berre å reise til legevakta, og eg skjønte at dette gjekk det ikkje an å riste av seg.

Uhellet skjedde då det stod att cirka tjue minutt av serieopninga. Sæbø låg under 1–0 mot Skodje, og ifølgje rapportane hadde Rundereim levert godt spel i fotballcomebacket sitt. Av lagkameratane på Sæbø vart han kåra til banens beste spelar etter kampen, men det er ei mager trøyst.

– Har du fått mykje sympati etter skaden?

– Litt, men eg prøver mest å le av det heile.

Rundereim, som tidlegare også har spelt for Hovdebygda, har aldri skada seg alvorleg på ei fotballbane før torsdag.

– Eg har aldri knekt noko som helst i kroppen tidlegare.

No ventar han på å få operere.

– Det er begge handledda som er knekt. Eg må inn på sjukehuset og operere, og då blir det fem veker i gips.

Dermed blir det ikkje eit nytt comeback på fotballbana med det første. Ifølgje Rundereim vert nok kampen mot Skodje den siste i hans fotballkarriere.

– Det var kjekt så lenge det varte, men etter dette så trur eg at fotballskoa vert lagt på hylla for godt.