Malia inn i Nordens største kjede

Malia Ørsta vert ein del av Happy Homes-kjeda, og dette skjer omgåande.

Malia Ørsta vert ein del av Happy Homes-kjeda. Namnet på butikken vert Happy Homes Malia Ørsta.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Norske Vakre Hjem har gått saman med svenske Happy Homes og har danna ei ny nordisk kjede.

– Som ein del av Happy Homes får kundane våre fleire fordelar. I første rekke vil dei merke det gjennom eit breiare vareutval og gode prisar, seier Jon Bjarte Koppen i ei pressemelding. Saman med Børge Hovde eig han butikken i Ørsta.

Happy Homes består av nærare 200 butikkar i Noreg og Sverige. Den nye kjeda vert no rulla ut fortløpande i begge landa, og lanseringa og overgangen vert markert også i Ørsta.

– Vi skal no ha ein del ekstra aktivitetar, ekstra gode prisar og vise fram det vi meiner vi er best på: Inspirasjon, fagleg gode råd og dei riktige produkta.