Til Svalbard for å lære om skred

Til Svalbard: Ronny Færøy og tre andre i Volda og Ørsta skredgruppe er på veg til Svalbard for å lære meir om søk i snøskred.  Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheiter

Fire medlemmer frå Volda og Ørsta skredgruppe reiser torsdag (i dag) til Svalbard for å lære meir om søk i snøskred. Klimaendringane er årsaka.

– Dei siste åra har det vore ein ekstra innsats mot redning i fjella etter skiløparutløyste skred. No ser vi at snøskred i aukande omfang går mot vegar og bustader der det før ikkje gjekk slike skred. Då må vi lære meir om søk i denne typen skred, seier Ronny Færøy, leiar i Volda og Ørsta skredgruppe.

Longyearbyen på Svalbard er eit døme på dette. Der har det gått snøskred mot busetnaden, og det var skred som kom overraskande.

– Vi må lære meir om søk og redning i denne typen skred. Søkjestenger og sendar/mottakar nyttar ikkje i denne typen skred. Vi skal til dømes lære korleis vi opererer der bygningar er knuste under skreda, fortel Færøy.