Han seier dette i samband med at fire utanlandske skiløparar som tysdag løyste ut skred frå Saudehornet. Dei fire kom frå det utan skadar, trass i at den eine av dei vart med skredet nedover fjellsida.

Medvitne risikoen

Dei fire skiløparane var medvitne over risikoen med å ferdast i fjella no, då dei hadde med seg tryggleiksutstyr med tanke på snøskred.

Noko av utstyret vart seinast kjøpt måndag, hos Sport 1 i Ørsta.

– Det stemmer. Då kom følgjet til oss, og kjøpte mellom anna ein skredsøkjar. Dette er eit sendar-mottakar-system med ei rekkjevidd på førti til seksti meter. Det fungerer slik at folk raskt kan lokalisere vedkomande viss han/ho kjem under skredet. Men dei må altså vere i nærleiken, fortel Syver Nupen hos Sport 1.

Dei opplever stundom at skituristar kjem inn for å kjøpe tryggleiksutstyr.

– Det kan vere anten fordi dei har gløymt det heime, eller vil vere ekstra sikre, seier Nupen.

Han fortel at tilreisande skituristar ofte har eit stramt tidsskjema. Turane dei har planlagt skal takast mest uansett ver og føre.

– Då kan det vere at dei kjøper ekstra tryggleiksutstyr for å ha ei forsikring, seier Nupen.

Helikopter

Volda-Ørsta skredgruppe vart varsla straks alarmen gjekk, og ti mannskap frå skredgruppa rykte ut. Ein av dei, var leiaren i skredgruppa, Ronny Færøy.

– Eg var tilfeldigvis i Ørsta sentrum då alarmen gjekk, og var av dei fyrste som kom opp til vasshuset. Vi fekk då melding frå helikopteret om at situasjonen var avklart, fortel Færøy.

Han er ikkje overraska over at det går skred i fjellet no. Nettstaden varsam.no fortel om faregrad tre for snøskred. Det vil seie vesentleg.

– Det er to faremoment i fjella no. Det eine er at vi har eit vedvarande svakt lag i snøen frå ein kuldeperiode tidlegare i vinter, og at vi no går inni ein fase med våte laussnøskred, seier Færøy.

– Gå tidleg på dag

Han karakteriserer den fyrste typen som den farlegaste.

– Dette er eit veldig uoversiktleg skredproblem, og det var vanskeleg å sjå. Det krev mykje kunnskap å vurdere svake lag i snøen, seier Færøy.

Han seier at denne typen skredfare etter kvart vil forsvinne når det vert varmare, og snøen skiftar konsistens.

Men då igjen er det fare for våte laussnøskred. Desse kjem gjerne i solvende fjellsider, og ut på ettermiddagen.

– Då er rådet til skifolk at dei tek turen litt tidlegare på dag, seier Færøy.

Han rår folk til å nytte nettstaden varsam.no, og også regobs.no, der folk sjølve rapporterer inn spesielle forhold.

Aksjon: Eit ambulansehelikopter kom til for å undersøke kva som hadde skjedd i fjellsida under Saudehornet. Det var mannskapet om bord som fekk avklart at ingen var skadde i skredet. Foto: Rune Sæbønes