Sjå interaktivt kart:

Her kjem asfalten i sommar

I mai startar asfaltsesongen og her får du oversikta over kva vegar som skal asfalterast i Møre og Romsdal i år.
Nyheiter

Statens vegvesen skal asfaltere 140 km fylkesveg og 50 km riksveg.

-  I Møre og Romsdal har vi til saman 3.000 km fylkesveg og 530 km riksveg, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

I år er det løyvd 46 millionar kroner til asfaltering.

- Vi prioriterer strekningar som er sporete og har dårleg standard, seier seksjonssjef Thor Asbjørn Lunaas i Statens vegvesen.

I Ørsta kommune skal 482 meter av Kyrkjegata asfalterast, i tillegg til 1,4 kilometer mellom Flåskjær og Bjørndal. 2,3 kilometer av vegen mellom Bueide og Sjåstad får og nytt dekke.

Kvart år måler vi i Statens vegvesen dekketilstanden på alle riks- og fylkesvegar. Vi gjer dette ved hjelp av ein laserskanner som er montert på ein bil.

- Vi har gjort årlege målingar heilt sidan 1990. Vi har difor svært god oversikt over dekketilstanden på vegnettet. Målingane er grunnlaget for prioriteringane våre, dvs. kva for vegar som får asfalt i år og dei neste åra.

- Vi har ikkje nok midlar til å asfaltere alle vegar som burde hatt nytt dekke. Vi må prioritere. Når vi prioriterer mellom vegar, så spelar trafikkmengde, kor stor del tungtrafikk det er på vegen og trafikktryggleik inn, seier Lunaas.

Kva for strekningar som får asfalt i 2018, vart planlagt hausten 2017. Om det i løpet av vinteren har oppstått skadar på andre strekningar/vegar, så kan det bli aktuelt å omprioritere.

Asfalteringsseongen startar i mai og vert avslutta i september. Vegvesenet oppmodar trafikantane om å ta omsyn til asfaltarbeidarane og trafikkdirigentane langs vegane.