Brannvernet og politiet øver

  Foto: Joachim Åsebø

Nyheiter

Utrykkingseiningane lokalt med politi, brannvesen og ambulanse held onsdag kveld (i dag) øving i Ørsta sentrum. Øvinga er sett opp frå kl. 17.00 til kl. 21.00.

I samband med dette vil publikum høyre sirener og skyting, og sjå blålys.

Det er ei tilsvarande øving også onsdag 18. april, melder brannvesenet i Ørsta.

Det er om lag frå kl. 18.00 folk vil leggje til merke øvinga.