Avinor seier ja til at Ørsta kommune kan flytte den regulerte rundkøyringa på E39 tilbake dit flyplasskrysset no er. Det skjer gjennom eit formelt brev Avinor har sendt til Ørsta kommune.

Det var nye høgderestriksjonar for flyplassen som vart innført i fjor haust som kunne opne for dette. Ørsta kommune har difor formelt bede Avinor om å svare på om tidlegare bandleggingar i dette området no vert oppheva. Avinor svarar at ei rundkøyring på den plassen flyplasskrysset no er, akkurat vil vere mogleg.

Dette kan vidare medføre at ei ny rundkøyring vert mykje rimelegare enn den som er regulert. Årsaka er at terrenget er mindre krevjande, og at det ikkje er behov for å leggje om vegen frå E39 og mot flyplassen/næringsområdet.

Det vert også opna for at Torvmyrvegen kan koplast til E39 på Ørsta-sida av kommunegrensa. Avinor minner likevel om at dersom Ørsta kommune står fast på ynsket om ei rullebaneforlenging, må lenginga av Torvmyrvegen kome i vestre enden av glattkøyringsbana.

Avinor minner om at endringane Ørsta kommune ynskjer, krev ein ny reguleringsplan.