– Parkeringsanlegg i Simahaugen

Inge Kolås (Frp) lanserer ei ny parkeringsløysing i Ørsta sentrum: Parkeringsanlegg i Simahaugen.

Parkeringsanlegg: Inne i Simahaugen ynskjer Inge Kolås at det vert bygt eit parkeringsanlegg.  Foto: Svein Aam

Nyheiter

– Eit stort parkeringsanlegg «inne i Simahaugen»/tilstøytande område, vil gje store moglegheiter for fortetting og utvikling av sentrumskjernen i Ørsta. Eit slikt parkeringsanlegg vil kunne utviklast saman av private aktørar/næringsliv og moglegheit for medverknad frå kommune og fylke, seier Kolås i utspelet, som står på trykk i Møre-Nytt som eit lesarinnlegg i dag.

Han meiner at Hotell Ivar Aasen også vil kunne ha stor nytte av eit innandørs parkeringsanlegg tilstøytande hotellet.

– Også andre private/utbyggingsaktørar vil kunne kjøpe seg innandørs parkeringsplassar, som igjen vil frigje plass til meir kompakt utbygging på andre tilstøytande sentrumstomter, seier Kolås.

Han peikar også på at det skal byggjast ny vidaregåande skule i samspel med kulturhuset, og det også er faktorar som talar for eit innandørs parkeringsanlegg.

– Eit slikt stort parkeringsanlegg vil kunne gje innkøyringar/utkøyring frå tre til fire stader. Dette vil sikre stor fleksibilitet og gje stor tryggleik i eit slikt prosjekt. Det at eit slikt parkeringshus har fleire tilkoplingar, vil truleg gje større moglegheit for at næringsliv og andre aktørar fattar interesse for ei utbygging, seier Kolås.

Rune Sæbønes