Tid for omkamp om samanslåing?

Leiar i Møre-Nytt 7. april.

Ordførarane Stein Aam og Jørgen Amdam feirar intensjonsavtale om samanslåing med kake. Men folkeavstemminga sette ein stoppar for samanslåingsplanane.Er det alt på tide å gjere eit nytt forsøk?  Foto: Svein Aam

To år har gått sidan folke- avstemminga og terrenget har endra seg

Nyheiter

Det vert ofte sagt at politikarar i Noreg er verdsmeistrar i å føre uendelege og utmattande omkampar. Er det då så lurt å byrje omkampen om kommunesamanslåing for Ørsta, slik den lokale Høgre-toppen Per-Are Sørheim tar til orde for i dagens Møre-Nytt?

I folkeavstemminga 19. mai 2016 sa 62 prosent nei til samanslåing med Volda. I Volda sa 69 prosent nei til samanslåing med Ørsta. Nesten to av tre i Ørsta-Volda sa med det nei til kommunesamanslåing. Dette er harde fakta.

I Volda prega to situasjonsbestemte saker debatten i forkant av avstemminga. Det handla om å sikre at sjukehuset fekk større pasientgrunnlag i Nordfjord og det var uro kring bygging av ny idrettshall. I Ørsta var nok skepsisen til kommunesamanslåing meir fundamental. Det var eit opprør mot sentralisering og ein protest mot tvangen knytt til prosessen med kommunereform.

To år har gått sidan folkeavstemminga og terrenget har endra seg. Volda skal slå seg saman med Hornindal. Bjørke og Viddal vert truleg flytta frå Ørsta til Volda, noko som fører til at Ørsta taper inntekter.

Stranda kommune har byrja sonderingar for kommunesamanslåing, og dei ser mot Ørsta og Volda. Då bør ikkje Ørsta sitje passivt på sidelina.

Det er også verdt å merke seg signala frå fylkesmann Lodve Solholm om at døra framleis er open for kommunesamanslåingar.

Resultatet av folkeavstemminga i Ørsta og Volda er klar tale, og ei folkemeining som må respekterast. Spørsmålet er om vi er i ferd med å få ein grunnleggjande ny situasjon. Dersom svaret er ja, må det haldast ny folkeavstemming.