24. august 2016 fekk politiet melding om eit uhell i samband med trefelling i Hovdebygda. Politi og helsepersonell rykka ut til staden, og ein skadd mann vart frakta til Ålesund sjukehus med luftambulanse. Nokre timar etter ulukka vart mannen erklært død, og det vart starta etterforsking av saka.

Skal ha mangla sikring og merking av arbeidsområde

Ein mann i 50-åra er no sett under tiltale ved Søre Sunnmøre tingrett for brot på arbeidsmiljølova. Ifølgje tiltalen skal mannen då arbeidet med skogsfellinga i Hovdebygda starta ikkje ha sørga for sikring og merking av arbeidsstaden i området omkring ein ferda veg.

Mannen skal ikkje ha vurdert risiko og fare som arbeidet ville medføre tilknytt trefelling i området med ein ferda veg. Under arbeidet fall eit tre over vegen og trefte ein forbipasserande. Mannen døde av skadane. Etter det Møre-Nytt får opplyst skjedde ulukka på skogsvegen bak Volda og Ørsta reinhaldsverk. Det vart i det aktuelle tidsrommet teke ut mykje skog frå dette området.

Politiadvokat Lena Katrin Romestrand viser til at i eit område det skal drivast hogst er det krav om å merke området.

– Utmark eller stiar som finst omkring eit slikt område er tilgjengeleg areal for ålmenta.

– Det er eitt og eit halvt år sidan ulukka. Har det vore lang etterforskingtid i denne saka?

– Arbeidsulukker tek alltid litt lenger tid. I denne saka har vi hatt bistand frå Arbeidstilsynet, men det skal ikkje ta så lang tid før ei sak kjem for retten, seier Romestrand.

Strafferamme

Saka skal opp i Søre Sunnmøre tingrett i slutten av mai, og det er sett av to dagar til handsaminga. Strafferamma er bøter eller fengsel i inntil eitt år, eller begge deler.