Ein garasje vart totalskadd i brann i Åmdal skjærtorsdag.

Brannvesenet fekk melding om brannen like over klokka 14.30. Garasjen var då allereie overtent.

Ein person fekk behandling av ambulansepersonell på staden, etter mistanke om inhalering av røyk.

Ulf Rognstad frå Ørsta brannvern fortel at ein bubil vart redda ut av garasja, og at ei mogleg årsak til brannen kan vere propangass.