Like etter klokka 18.00 melde politiet om ei trafikkulykke på E39 i Ørsta.

Kollisjonen skjedde i ein av dei siste svingane i Rindane før Lianeset.Bilane kolliderte front mot front.

Dei første meldingane gjekk ut på at ein bil hadde køyrt inn i ein hengar, for så å treffe eit køyretøy i motgåande felt.

Luftambulanse kom også til staden, men personane vart transportert med ambulanse til legevakta.

- Det var totalt fem personar i dei to bilane. Alle er køyrde til Volda sjukehus for ein sjekk, opplyser Per Åge Ferstad ved operasjonssentralen i Ålesund.

Det danna seg lange køar i på E39 i samband med ulykka.