Korleis er kvardagen din?

Alarmen går kl.6:15, og med to små gutar går mesteparten av dagane med til dei og anna nødvendig husarbeid. Eg prøver å få trent 4-5 økter i veka, det kan ofte bli litt seint, men det er viktig å halde formen ved like i ei hektisk periode. Elles prøver vi å vere sosiale med familie og vennar når det passar. Akkurat no har eg gradert pappapermisjon so då har eg litt betre tid.

Kva aktuelle saker opptar deg for tida?

Ingen spesielle saker, men eg følger nøye med på det som skjer lokalt, eg synest det er mykje positivt som skjer i Ørsta no. Eg følger også med på det som skjer ute i verda og det likar eg ikkje, til dømes uroa i Syria og alt bråket rundt Donald Trump.

Kva vil du framheve med heimstaden din?

Ein kan ikkje kome utanom Hjørundfjorden, eg er veldig stolt av å vise fjorden for tilreisande vennar. Men eg vil også trekke fram Hovdeåsane, eit kjempe flott terreng for trening og tur som eg trur mange ørstingar ikkje er klar over.

Kva saknar du i sentrum av Ørsta?

Vi har mykje som er veldig bra. Men eg skulle gjerne sett at det blei åpna ein ny utestad slik som vi hadde på Rust ein gong. Eg håper nokon klarer å starte opp noko tilsvarande, og då er det viktig at vi ørstingar også brukar dette tilbodet.

Kva ville du gjere om du fekk vere ordførar i ei veke?

Om vi hadde hatt mykje pengar so ville eg satsa endå meir på Bondalseidet. Og då ville eg lagt til rette for endå meir aktivitet på sommar- og vinterstid. Dette er eit fantastisk anlegg for mange brukargrupper. Eg synest at vi har ein flink ordførar i dag som har fått til mykje.

Kven fortener ein blomebukett?

Den går til min sambuar Kristine for alt ho gjer kvar einaste dag, vel fortent. Dersom det var muleg å dele ut meir blomar so ville eg også gitt til alle ildsjelene som legg ned mykje arbeid for at alle andre skal ha gode tilbod i Ørsta.

Korleis er di draumeforside i Møre-Nytt?

Den må innehalde fleire saker. Arbeidsledigheita i Ørsta er på 0%, bedriftene i kommuna går historisk godt, NM på ski på Bondalseidet, Hovdebygda har rykka opp i Eliteserien og Ørsta har no passert 20.000 innbyggjarar.

Kva er ditt beste minne frå oppveksten?

Ferieturar campingvogn med familia til Sommarland i Bø og Sverige, men også fisketurar i Kalvedalen. Har mykje kjekke minner frå slike turar som eg no prøvar å føre vidare til mine born. Eg har tru på å gjere dei små øyeblikka store.

Kva får deg til å le?

Eg blir aldri lei av tv-seriane Solsidan og Neste Sommer og flirar godt kvar gong. Elles ser eg veldig lite på TV.

Kva er ditt favorittmåltid?

Pinnekjøtt på julafta er heilt fantastisk, men til dagleg er eg veldig glad i potetball og biff.