– Vi skal vere på plass i gamlelokala våre på Ørsta Torg før sommaren, seier Myklebust. Målarbutikken hans skal inn i lokala til Stil og Stemning.

Myklebust eig og driv Olav A. Myklebust AS og driv butikken gjennom kjeda Fargerike.

Bakgrunnen for flyttinga er ifølgje Myklebust ikkje dårleg sal.

– Nei, vi gjer dette for å få skape meir aktivitet i gågata. Dette er det politiske miljøet heilt til toppnivå i Ørsta innforstått med, og eg har hatt ein særs god dialog med kommunen om dette, seier Petter Myklebust.

Han set som vilkår for å flytte butikken at det vert opna for trafikk og parkering i deler av gågata. Dette handlar om innkøyring frå aust frå E39 til Sparebank-lokala i gågata. Myklebust meiner at omlegginga av deler av Vikegata til gågate var ei av årsakene til at det vart butikkflukt frå gågata. Ei anna årsak er bygginga, og seinare utbygginga av Amfi, ifølgje Myklebust.

Petter Myklebust vil at gågata skal vere hjartet i bygda, både som knutepunkt og møtepunkt med mangfald av butikkar og vareutval.

Myklebust konstaterer at kundane vil ha lett tilgjenge til butikkane, at dei vil parkere nær butikkane og vil sleppe å måtte bere varene langt.

– No skjer det

Myklebust veit at mange ønskjer butikken hans velkomen til gågata.

– Nær dagleg møter eg folk som ber om at vi kjem tilbake til gågata, og no skjer det, seier Myklebust.

Samtidig misser Myklebust som utleigar butikken Jysk som held til i same bygget som målarbutikken i Strandgata. Dei har bestemt seg for å flytte til Furene før jul, i nye lokale eigd av Martin Brænne.

– Vi driv no og jobbar for å få inn nye aktørar der Jysk held til. Vi jobbar også med å få inn nye aktørar i målarbutikk-lokala, fortel Petter Myklebust.

Flytting: Før sommaren kjem målarbutikken Olav A. Myklebust tilbake til gågata. Foto: Janne-Marit Myklebust