Resultatet før skatt er 123, 5 millionar kroner, og årsresultatet vart 103,9 millionar kroner.

– Det økonomiske resultatet for 2017 er tilfredsstillande med bakgrunn i selskapet sitt mål om bli meir kostnadseffektivt over tid. Vi lukkast godt med å følgje planen og nå måla våre. I 2018 skal selskapet ha ein kostnadsbase som gjer at vi vert målt som 100 % effektive, seier Rune Kiperberg, adm. direktør i Mørenett AS i ei pressemelding.

Fisjonerte delar av verksemda

Ei større endring i 2017 var skilje av monopolverksemda og konkurranseutsett verksemd i Mørenett. Som ei følgje av styresmaktene sitt krav om tydeleg skilje mellom desse, så vart delar av verksemda, gatelys, ekom og delar av distribusjonsnettet, fisjonert til BKK Enotek. Fisjonen gav selskapet ei finansinntekt på om lag 50 mill. kr, og er ein vesentleg bidragsytar til det gode årsresultatet.

Mørenett er no nærare målet om å vere ein nøytral nettaktør. Framover vil selskapet reindyrke rolla som monopolist, og søkje å vere ein sentral aktør i vidare strukturendringar i regionen.

– Auka endringstakt og kompetanseutfordringar i tida framover gjer at bransjen vil stå føre strukturendringar. Sjølv om krava til funksjonelt skilje truleg berre vil gjelde selskap med meir enn 30 000 kundar, vil utfordringane for mindre selskap likevel vere store. Mørenett er open for å greie ut grunnlaget for eventuell samanslåing med naboselskap, og meiner dette vil vere den rette vegen å gå. Meir robuste og effektive selskap vil tene både kundar, eigarar og tilsette, utdjupar Kiperberg.

Høg aktivitet

Mørenett er inne i ei fase med store investeringar i både regional- og distribusjonsnettet, og brukte 183 mill. kr til ulike nettinvesteringar i 2017. Ny transformatorstasjon på Ryste i Ørsta er eit av dei større prosjekta, der det er investert over 70 mill. kr. Innbyggjarane i Ørsta har fått tryggare og betre straumforsyning som følgje av dette. Mørenett har også starta på arbeidet med å byggje ny hovudforsyning til Ålesund på Nørve. Prosjektet har ei kostnadsramme på om lag 150 mill. kr, og skal ferdigstillast i 2018. I 2017 starta også arbeidet med å montere nye straummålarar (AMS). Ved årsskiftet var 30 000 målarar skifta ut av i alt 65 000. I løpet av 2018 vil alle målarar vere installerte.

Auke i kraftforbruket

Mørenett har distribusjonsnett på søre og nordre Sunnmøre, og om lag 65 000 kundar i distribusjonsnettet. Det siste året har forbruket i distribusjonsnettet auka med 9 GWh frå året før. I 2017 vart det levert 1 751 GWh til sluttbrukarane, mot 1 742 GWh i 2016, heiter det i pressemeldinga.

Adm.dir. Rune Kiperberg i Mørenett AS. Foto: PederOtto Dybvik