Fem saker som gjeld grensejustering i Møre og Romsdal er handsama av Fylkesmannen.

– Det har vore vanskelege saker der bygd har stått mot bygd, og nabo mot nabo, seier fylkesmann Lodve Solholm.

Den eine saka gjeld spørsmålet om Bjørke og Viddal krins skal overførast til Volda. Prosessen er sett i gang etter eit innbygjarinitiativ frå ei gruppe som kallar seg "Unge vaksne på Bjørke"

På ein pressekonferanse i Ålesund fredag kom fylkesmannen med denne grunngjevinga: " Det har vore ei vanskeleg sak for fylkesmannen, der Ørsta kommune går sterkt imot. Ørsta peikar mellom anna på at dei vil miste årlege kraftinntekter, og at bygdene i Ørsta samla bør tilhøyrer Ørsta utfrå kultur, turisme og beredskap. Dette er den einaste saka der vi ikkje har lagt stor vekt på innbyggjarhøyringa. Innbyggarhøyringa gir ikkje eit klart svar. Det er eit lite utval. Få stemmer den eine eller andre vegen utgjer ein stor prosent i forskjel. Vi har lagt stor vekt på ein godt grunngjeve  søknad. Kvivsvegen gjer at innbyggjarane på Bjørke og Viddal no kan nytte tenester i Nye Volda kommune, mykje nærmare enn før, og i større grad blir integrert med Volda. Ei grensejustering vil gjere at innbyggjarane på Bjørke får røysterett, og høve til å påverke i den kommunen dei nyttar kommunele tenester i. Dette demokratiomsynet veg etter fylkesmannen sitt syn tyngre enn omsynet til at eit lite fleirtal vil halde fram med å vere i Ørsta"

Og fylkesmannen la til:

–Dersom kommunane Ørsta og nye Volda i nær framtid gjer vedtak om kommunesamanslåing vil det ikkje vere grunnlag for ei grensejustering.

Kommunaldepartementet avgjer spørsmålet om grensejustering.

– Departementet har sagt at dei vil prøve å fatte ei avgjerd før sommaren, opplyser fylkesmann Lodve Solholm.

Innbyggarundersøkinga viste at 56 prosent vil bli i Ørsta, medan 41 prosent vil ha overføring til Volda.

Fakta

I Bjørke og Viddal krins er det 101 personar over 16 år.

92 prosent har deltatt i innbyggjarundersøkinga knytt til grensejustering.

56 prosent vil bli i Ørsta. 42 prosent vil til Volda, resten veit ikkje.

I aldersgruppa 16–29 år vil 67 prosent til Volda. I gruppa 30–44 år vil 58 prosent til Volda. I gruppa 45–59 år vi 73 prosent vere i Ørsta. I gruppa over 60 år vil 67 prosent vere i Ørsta.