Eiendomsmegler1 Midt-Norge har landets beste arbeidsplass. Det er dei tilsette på Søre Sunnmøre samde i.

Det er det internasjonale analyse- og rådgivingselskapet «Great Place to Work» som står bak kåringa, og Eiendomsmegler1 Midt-Norge gjekk til topps i sin kategori, igjen, blant svært mange andre kandidatar.

– Det er vi sjølvsagt både stolte og glade for. Vi har det artig på jobb, og vi jobbar i eit firma som har fokus på dei tilsette, dei gir oss stort ansvar, og dei jobbar for at vi skal kjenne at det vi held på med er meiningsfullt, seier Haugen Øye, som er avdelingsleiar for Søre Sunnmøre.

Meklarføretaket har til saman 280 tilsette fordelt på ulike kontor i Møre og Romsdal og Trøndelag. I 2017 hadde dei eit samla sjukefråvær på låge 2,3 prosent.

Med ein stabil stab på fem tilsette på Søre Sunnmøre, jobbar dei jamt og trutt med å ete marknadsdelar på bustadmarknaden.

Veks

– Hittil i år har vi selt 19 bustader. Det er ein god start. Januar var det, tradisjonen tru, ganske stille, men frå februar har det teke seg opp, og vi veit at det berre vil auke på utover våren.

Totalt på Søre er det selt 61 bustader i år. I heile fjor selde Eiendomsmegler1 115 av dei 416 bustadene som vart selde.

– Trenden sidan 2015 er at vi veks. Pilene peikar oppover.

No har dei også huka tak i eigedomsmeklar Tommy Sylte frå Notar, som er ny avdelingsleiar for kontoret i Ulsteinvik.

– Vi ser framover, og vi har planar om å verte marknadsleiande på Søre, seier den ambisiøse gjengen.

Volda dyrast

Dei jobbar i ein bransje med store svingingar, mykje avhengig av korleis det går i arbeidsmarknaden. Tommy Sylte fortel at det ein periode ikkje var selt eit einaste hus i Ulstein på to månader, etter at verfta miste nokre kontrakter.

– Men no går ting framover. Men det kan vere store lokale forskjellar. Mellom anna ser vi at snittprisen i Volda, jamt ligg høgare oppe enn for bygdene rundt. Dei har også vore på nivå med Ålesund, fortel Sylte.

Igjen heng dette saman med arbeidsmarknaden og tilgangen på jobbar.

Og det er ikkje lenger slik at folk byggjer seg hus og vert buande der heile livet. Folk flyttar meir enn før, og folk lever lenger.

– Vi får oppleve alle fasar av livet, frå førstegongsetablerarar, til dei eldre som ønskjer å selje einebustaden sin og flytte inn i mindre leilegheiter som er enklare å halde ved like. Og det er også fleire som skil seg enn tidlegare, og dermed behov for fleire bustader.

Hytter

Og når det er stille på bustadmarknaden vinterstid, er det hyttene som sel unna.

Nyleg selde eigedomsmeklarfullmektig Hanna Sofie Bjørdal Sylte to hytter i Stryn. For det er til Stryn og Hornindal majoriteten av folket på Søre Sunnmøre ønskjer å reise til for energipåfyll og kortreist ferie.

– Vi trur det kan ha med at det er større garanti for snø i Nordfjord enn det er på Søre Sunnmøre.

Kvivsvegen får mykje av æra for å ha opna døra til ein ny hyttemarknad, men tunnelen til Nordfjord er stort sett einvegskøyrt for hyttefolket, for det er få hytter som vert selt her i området.

– Området er attraktivt på fleire måtar enn snøgarantien. Bygdene der er også flinke til å ha aktivitetar året gjennom, som gjer dei attraktive også på andre årstider enn vinteren. Vi har kanskje noko å lære der, seier eigedomsmeklarane på landets beste arbeidsplass, ein tittel dei har planar om å vinne også for 2018.