(Sunnmørsposten): Aktor, politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik, har lagt ned påstand om at den overfallstiltalte mannen må dømmast til fengsel i eitt år og to månader. Til frådrag i straffa går 110 dagar i varetekt. I prosedyren understreka aktor alvoret i saka:

– Dette kunne gått mykje verre viss fornærma ikkje hadde klart å kome seg vekk. Det er viktig å reagere strengt mot slikt og gi signal om at dette ikkje er greitt. Viss ein held på slik som dette, så får du streng straff, sa aktor i prosedyren.

Farleg handling

Det var natt til 3. desember i fjor at ei ung kvinne blei overfallen på ein hybel i Volda. Ein mann har denne veka møtt i Søre Sunnmøre tingrett tiltalt for grov kroppskrenking og for å ha teke kvelartak på kvinna.

Kvalvik trekte i prosedyren sin fram at det var både ei skremmande oppleving for kvinna, men også forferdeleg farleg.

– Når ein mann har drukke store mengder vodka og er godt rusa, så er det å ta kvelartak på ein annan person frykteleg farleg, sa Kvalvik og la til at det kunne gått langt verre om kvinna ikkje hadde klart å få vekk mannen.

Krev erstatning

Han meinte tiltalte hadde vist gjennomføringsvilje og hadde ein plan med det han skulle, men at han så blei avbroten ved at kvinna klarte å slå seg ut av situasjonen.

Aktor meiner også det må vere straffskjerpande at overfallet skjedde i heimen og på soverommet, der ein skal kunne vere trygge.

Støtteadvokat Gerd Haagensen la ned påstand om at tiltalte må dømmast til å betale erstatning, etter rettens skjønn. Og ho antyda at 50.000 kroner vil vere ei korrekt oppreisingserstatning for det som var ei svært skremmande oppleving for den unge kvinna.

Tvil om gjerningsmann

Tiltalte har heile tida nekta for det han er tiltalt for. Og forsvarar Torgeir Langva minte i prosedyren sin om dei strenge beviskrava som gjeld i straffesaker.

Heller ikkje han er i tvil om at kvinna er utsett for overfall, men spørsmålet er om det er rett mann som er teken for overfallet.

– Det er ikkje tvil om at fornærma er utsett for ei kroppskrenking og ein kan ikkje tvile på det ho har sagt. Men spørsmåler er om det var tiltalte som var på hennar soverom og som har gjort det som kjem fram i tiltalen, sa Langva.

Tiltalte sine fingeravtrykk er funne på døra inn til rommet, men dette meiner Langva ikkje viser noko anna enn at tiltalte har vore der. Han viste også til at det ikkje var funne DNA frå tiltalte på kvinna. At hennar DNA er funne på buksa til mannen, kan skuldast at det har smitta over frå andre ting.

Påstand om frifinning

Langva la ned påstand om at tiltalte må frifinnast.

Viss retten likevel finn at han kan domfellast, meiner Langva at aktor sin påstand ligg langt over det som vil vere rett. Og forsvararen antydar at rett straff ved domfelling må vere rundt seks månader fengsel.

Denne saka vart først publisert av Sunnmørsposten.

FORSVARAR: Advokat Torgeir Langva meiner det ikkje er bevist at det var tiltalte som overfall kvinna. Foto: Anne-Mari Tomasgard