Det er avisa Møre som melder dette.

Jysk skal flytte inn i eit forretningsbygg på ei tomt forretningsmannen Martin Brænne utviklar. Grunnarbeidet til nybygget har starta, og bygningen skal vere innflyttingsklar til jul.

Tomta ligg i bakkant av bygningen der Coop Extra no held til.

Det vert ifølgje Møre arbeidd med å få fleire leigetakarar til området, og fleire skal ha meldt si interesse.

Jysk sin avtale om lokala i Strandgata er i ferd med å gå ut, og utviklingssjef Lars Petter Christensen i Jysk Noreg fortel til Møre at verksemda hadde to val, anten å ruste opp lokala dei no held til i, eller finne nye lokale.

I Furene skal verksemda leige til saman 1.500 kvm, og 1.100 kvm skal brukast til butikken. Det er om lag same arealet som verksemda har i dag. Alle tilsette vert med på flyttelasset til Furene.

Til Møre fortel Christensen at verksemda vart forsøkt overtalt til å halde fram i Ørsta, og at både kommunen og andre aktørar åtvara mot at bomvegar kan gje konsekvensar ved ei etablering i Furene.