– Nye menneske, nye utfordringar, seier Sylte, om kvifor han skiftar beite.

Han får no ansvaret for å bygge opp Eiendomsmegler1 Midt-Norge sitt kontor i Ytre, og vert avdelingsleiar.

Kontoret skal samarbeide tett med avdelinga i Ørsta/Volda.

– Målet er å verte marknadsleiane i Ytre, seier Sylte.

Han var med å starte opp Notar for 12 år sidan. På eit tidspunkt hadde Notar over 90 prosent av marknadsdelen i Ytre, men har på det jamne lege på rundt 75 prosent. No vil Sylte ta ein stor bit av kaka til fordel for Eiendomsmegler1.

– Det er viktig å sjå framover. Sparebank1 Søre Sunnmør har fått ny leiar i Stig Brautaset. Ein mann eg kjenner godt. Eg har også mange kjende blant dei tilsette elles i banken. Det gjorde sitt til at eg sa ja til denne nye utfordringa, og eg ser fram til å kome skikkeleg i gang. Det er ein spennande arbeidsmarknad i Ytre, som også gjer det til ein spennande bustadmarknad. Eg er klar for å gjere min del av jobben, seier Sylte.