– Det er veldig kjekt, seier butikksjef Bjørn Vegard Pedersen i ei pressemelding frå Coop Vest.

– Vi har hatt ein jamn og god vekst på kring fem prosent dei to siste åra. Når vi veit at konkurransen i Volda er beintøff med heile åtte matvarebutikkar, er det ei utvikling vi berre må vere svært godt nøgde med. Å få ein slik pris viser at vi gjer noko rett, og det er sjølvsagt hyggeleg, seier Pedersen, som gjev sine tilsette mykje ære for den fine utviklinga. Mega Volda nærmar seg ei omsetning på 50 mill. kroner, og har 28 tilsette.

– Vel fortent

Det var under ei samling på Skei nyleg at Coop Vest kåra sine beste butikkar i ulike klassar. Til saman har dei 65 butikkar i 28 kommunar på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane.

– Kriteria vi legg vekt på ved kåringa er auka omsetning, resultat og kundemålingar. Det er ingen tvil om at Mega Volda gjer ein kjempefin innsats og fortener denne utmerkinga, seier adm.dir. Geir Espe i Coop Vest.

Opprusting på trappene

– Det å ha kundane i fokus og gje dei ei best mogeleg oppleving, er noko vi jobbar for kvar dag. Det er også noko som vi blir inspirerte av gjennom organisasjonen vår i Coop Vest, slår Pedersen fast. Han er glad for at ei opprusting av Mega Volda er på trappene.

– Etter litt fram og tilbake, er det no planlagt ei oppgradering i dei lokala vi held til. Det er noko vi ser positivt på, og uansett er vi optimistar med tanke på framtida, heiter det frå butikksjef Bjørn Vegard Pedersen i pressemeldinga.