Med skikkeleg vintervêr har tela fått skikkeleg tak i år, og det har skapt nokre utfordringar for ulike byggeprosjekt. I Svendsenhagen nyttar arbeidarane frå Anleggsgartnar Sandal varmematter for å tine opp grunnen nedanfor dei nye steinmurane som er ferdigstilt. Del ein av arbeidet er den nye busslomma på E39. No er busskuret nesten ferdigstilt, og stativet til sykkelparkering er på plass.

– Totalt sett er vi i rute, men vi har blitt litt forseinka grunna mykje tele. Det som Statens vegvesen har ansvaret for er byggmessig stort sett ferdig. Det som står att på busslommene er asfaltering, og vi ventar no på at asfaltverka skal setje i gang att. Vi har utsett ei kryssing av vegen for å ta alt saman samla. Det er berre små detaljar som står att på sjølve busskuret, sykkelparkeringa er på plass og busslomma på motsett side av vegen er blitt oppgradert. I tillegg blir området oppgradert lysmessig, seier Claude Ingar Hildrestrand i Statens vegvesen.

Busskuret som no er på plass vert unikt for Ørsta og er designa av arkitektar i København. Heile del ein av prosjektet skal vere ferdig til midten av april.

Det er K A Aurstad som er hovudentreprenør på prosjektet, og Anleggsgartnar Sandal er underentreprenør. På del to av prosjektet, som vert nedanfor den nye steinmuren, er arbeidet litt forseinka grunna tele.

– Vi håpte at vi skulle kome i mål til 17. mai, men her og er dei same utfordringane med tele. Slik det ligg an no kan det bli litt forseinka og dei må berre ta omsyn til vêr og føre. Det er vanskeleg å spå korleis vêret blir etter påske, men det blir arbeidd med å få prosjektet ferdigstilt så fort som mogleg, seier Dag Jarle Aa i Ørsta kommune.

I sjølve Svendsenhagen skal kome på plass terrassering.

– Her kjem skiferlagde gangar. Det blir ein hovudgang frå den nye parkeringsplassen og bort til Svendsengarden, og ein breiare gang som er universelt utforma og med varmekablar i bakken. I hagen vert det og granitrekke som terrasering i terrenget og som kan nyttast som sitjeplassar.

Parkeringsplassen som vert laga skal ha plass til ni bilar. Dei nye steinmurane vert ei naturleg avgrensing mellom busskuret, Svendsenhagen og parkeringsplassen. Steinmuren er bygd opp med stein frå Osborgløda og gjev dermed prosjektet ein ekstra historisk verdi.