Totalt har fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik tilrådd at 29 utdanningstilbod på dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal ikkje blir sett i gang skuleåret 2018–2019. I tilrådinga til utdanningsutvalet vert det for Ørsta vidaregåande skule påpeikt at Vg2 blomsterdekoratør har tre primærsøkarar med ungdomsrett for neste skuleår. Difor vert det tilrådd at tilbodet ikkje blir sett i gang.

Ikkje samd i vurderinga

Ørsta vidaregåande skule er ikkje samd i vurderinga som fylkesrådmannen har gjort.

– Det er utfordrande når det er tre søkarar til lina, men vi meiner sjølvsagt at det er viktig å få kontinuitet i programområdet. Vi har jobba i kulissane med å marknadsføre faget og det blir vanskeleg å marknadsføre eit tilbod om vi ikkje har det gåande ved skulen, seier rektor Roger Andre Fylling.

Om utdanningsutvalet skulle gå inn for tilrådinga vil ikkje det bety ei nedlegging av tilbodet i Ørsta.

– Det er ikkje snakk om nedlegging. Det er tre år der du ikkje startar opp eit tilbod, men for å få kontinuiteten så er det viktig å halde opp tilbodet, understrekar Fylling.

Ørsta vidaregåande skule er Norges nordlegaste skule med tilbodet Blomsterdekoratør Vg2. I eit notat til utdanningsutvalet poengterer Fylling at faget er i ei sårbar fase og at det er mange krefter som arbeider hardt for å få fleire søkarar.

– Skulen er redd for at om ein vel å ikkje starte ei halv klasse, så vil det vere særs uheldig med eit år der det blir tungt å rekruttere til ei linje som ikkje er i gong. Skulen utfordrar i staden til at ein får høve til å ha kontinuitet i programområdet til «Verdas vakraste yrke».

Utdanningsutvalet har tidlegare gjort vedtak om at for halvklasser innanfor yrkesfag som rekrutterar til lærefag er minimum kapasitet sett til seks elevplassar. I år starta skuleåret med ei heil klasse.

– Vi starta med ei heil klasse i år, men det har sjølvsagt variert litt. Siste åra har vi hatt ei heil klasse ved skulen. Om eit tilbod ikkje er her så er det vanskeleg for å ungdomane å tenke seg til korleis det er. Elevane må velje eit Vg1-fag først. Skal dei ta sjansen på å ta Vg1 design og handverk her om det ikkje er eit tilbod om blomsterdekoratør på Vg2 eller skal dei då ta Vg1 ein annan stad.

Tilgjengeleg for fleire elevar

Eit eksempel på grep som skulen har fått til for programtilbodet er at det har blitt lettare tilgjengeleg for elevar i Sør-Trøndelag.

– Elevar som tenkjer på å søke seg til eit slikt tilbod vil no få opp tilbodet som eit søkbart val i Vigo. Vi er heilt overbeviste om at det må vere fleire som kan tenke seg å ta denne utdanninga nordover i landet, og også sørover, seier Fylling.

Sjølv om søkartala til neste skuleår er låge har Ørsta vidaregåande skule framtidstru på blomsterdekoratørlina.

– Vi tenkjer at det bør vere plass for blomsterdekoratørane også i framtida, og skulen vår ligg strategisk til. Samtidig er det ungdomen som bestemmer og vi er audmjuke for dei søkartala som er. Likevel har vi trua på verdas vakraste yrke.

Elevane ved lina heldt onsdag på med siste innspurt til Næringskonferansen 2018.

– Blomsterdekoratørlina utgjer ein viktig faktor i samspelet med lokalt næringsliv, og dei har vore med på å skape ein god atmosfære rundt konferasen i mange år, seier Odd Magne Vinjevoll i Ørsta Næringskontor.

Utdanningsutvalet skal handsame saka om utdanningstilbod i vidaregåande skule torsdag.