– Nei, for uansett er det ikkje budsjettert med vidare drift av denne avdelinga frå 1. august. Skulle ho ha vorte vidareført, måtte seksjon barnehage fått tilført ekstra midlar frå kommunestyret, seier seksjonsleiar Reidun Mo.

Ho karakteriserer pengeknipa for barnehagane som enno meir vanskeleg enn berre for ein månad sidan. Då kom det fram at som ein konsekvens av at kommunestyret påla alle seksjonar å spare 2,2 prosent samanlikna med 2017 i år, måtte barnehageseksjonen gjennomføre fleire kutt.

Dei tre tiltaka som vart peika på var ei feriestenging på fire veker i dei kommunale barnehagane, nedlegging av den mellombelse barnehageavdelinga på Sæbø og ein reduksjonen i talet på vaksne per born i barnehagane.

Kuttet med å stengje den mellombelse barnehageavdelinga på Sæbø vert gjennomført. Men planane om ei utvida feriestenging vert ikkje gjennomført. Protestane frå foreldra var svært store, og seksjon barnehage trekte dette forslaget i februar.

– På møtet den 1. mars kom det svært sterke signal frå kommunestyret om å følgje dei sentrale retningslinene for bemanning i barnehagane. Det vil seie at vi må følgje pedagognorma som ligg sentralt, og vi må følgje det venta stortingsvedtaket til våren om ei sentral bemanningsnorm for barnehagane. Då har vi ingen større tiltak vi kan gjennomføre for å nå dei budsjettmåla som kommunestyret har fastsett i budsjettet, seier Mo.

Likevel vil ho og seksjonen gjere det dei kan for å kome kommunestyret sitt vedtak om kutt på 2,2 prosent, i praksis 1,2 millionar kroner, som føresett.

– Det må skje i den daglege drifta, der styrarane heile tida må tenkje på utgiftene vi har. Det vil seie om vi brukar vikarar, kva innkjøp vin gjer osb., seier Mo.

Barnehageopptaket

Det er teke opp 117 nye born i barnehagane i Ørsta, viser årets barnehageopptak. Det gjer fører altså til at det ikkje er behov for den mellombelse barnehageavdelinga på Sæbø, som vert stengt i sommar.

Til saman kom det inn 145 søknader om barnehageplass innan fristen 1. mars, viser oversynet frå barnehageseksjonen i Ørsta kommune. Av desse var handla 26 søknader om overflytting til ein annan barnehage i kommunen. Dermed var det 199 nye søkjarar til barnehagane i Ørsta.

Alle barn med rett til barnehageplass har fått tilbod om dette for det komande barnehageåret. 98 søkjarar fekk førstevalet oppfylt, og elleve søkjarar fekk andrevalet oppfylt. Åtte søkjarar fekk tilbod om plass i andre barnehagar enn det som vart prioritert på første og andre val, viser oversynet frå barnehageseksjonen.

– Etter å ha gitt 117 born tilbod om barnehageplass i barnehagane i Ørsta, har vi ledig plass til om lag to store (over tre år) og fem små born, opplyser barnehageseksjonen.

I sommar vil Dalane barnehage ha den nye avdelinga klar til innflytting. Per 1. august vil denne barnehagen ha plass til femti born, og av desse er fire heimehøyrande i Sæbø krins.

– Alle borna i Sæbø krins får fyrste eller andre ynske oppfylt. Drifta av den mellombelse avdelinga ved Sæbø barnehage er finansiert fram til juli 2018. Barnehageopptaket syner at alle søkjarar til Sæbø barnehage får fyrste- eller andreynsket oppfylt. Vurderinga vår er difor at det ikkje er behov for den mellombelse avdelinga ved Sæbø barnehage frå juli 2018, forklarar barneseksjonen overfor formannskapet.

Slik er opptaket:

Barnas Vel barnehage (23), Dalane barnehage (12), Farkvamen barnehage (14), Hovdebygda barnehage (13), Krokedalen barnehage (13), Kvitveisen barnehage (6), Liadal barnehage (1), Mosmarka barnehage (19), Rystene barnehage (7), Sæbø barnehage (5) og Vartdal barnehage (6).

må spare: Seksjonsleiar Reidun Mo varslar tramme rammer for barnehagane.+ Foto: Roy-Arne Folkestad