– Dette vert veldig spennande og kjekt. Det er utruleg artig å arbeide med ungdom i den alderen, seier Opsvik.

Han er no rektor ved kulturskulen i Volda. Det er ei stilling han har hatt i tre år.

– Og i dei elleve åra før det var eg tilsett ved Møre folkehøgskule. Det er ein skule eg kjenner veldig godt. Det gjer at eg kjenner personalet veldig godt, og ikkje minst sjølve folkehøgskulerørsla. Det er ei rørsle med lang historie, og som har ein pedagogikk som legg veldig sterk vekt på danningsperspektivet. Samspelet mellom lærarar og elevar er svært viktig, og det tiltalar meg, seier Opsvik.

Møre folkehøgskule har i dag sju liner, og dei er prega av området folkehøgskulen ligg i. Det er lagt stor vekt på friluftsliv, og fleire av linene inneheld studieopphald i utlandet, til land som Kina, Indonesia og Peru.

God søking

– Søkinga til skulen er veldig god, og var vel i fjor den beste til no. Det er også noko som gjer det kjekt å kome tilbake. Dei som har vore i leiinga dei to siste åra har gjort ein veldig god jobb, seier Opsvik.

Han tek over rektorstillinga etter Martin Staxrud, som har vore rektor sidan 2016.

Opsvik er klar på at han ikkje ser nokon grunn til særlege endringar for den kursen Møre folkehøgskule no har.

– Det vil ikkje verte store endringar. Det vil handle om å halde fram med å skape god kvalitet, både i personalgruppa, og reint fagleg. Møre folkehøgskule skal vere ein god arbeidsplass og ein god skule, seier Opsvik.

Hundre elevar

Møre folkehøgskule er elevfinansiert og har statleg støtte. I tillegg må skulen skaffe inntekter frå andre kjelder. Skulen driv mellom anna sommarhotell, held kurs og har arrangement og utleige.

Det er i overkant av tjue tilsette ved skulen, og skulen har kring hundre elevar.

Opsvik held fram som rektor ved Volda kulturskule ut dette skuleåret.